Bygdelaget har fått tilskot til stimerking og guidekursing som skal nyttast over tre år, 2015-2017.

Dei som jobbar med stimerking i bygdelaget er Arne Tuften, Bjørn Gjelsten og Anne Marte Snøtun.

Turane som vert skilta og merka er prioriterte ut frå kartet som er sett opp på informasjonstavlene ved Breheimsenteret og på Gjerde (ved avkøyringa til hotellet). Det skal òg settast opp ei slik tavle ved flaummerket i Fossøyane. Informasjonstavlene vert tekne ned om vinteren.